Fotokurs: Nybegynner

Dato: Laurdag 15. september 2018. Kl. 10:00-16:00

Stad: Sandane (Adresse kjem)

Pris: Kr. 1.600,- per person.

Deltakarar: Maks 14 (minimum 8 for gjennomføring)

Dette er kurset for deg som ønskjer å lære meir om grunnleggande fotografering.

Du har gjerne eit kamera med avanserte innstillingar, og moglegheit for manuell kontroll. På dette kurset lærer du å bruke kameraet, og du vil lære kva blender, lukker og ISO er, og korleis desse heng i hop. Du vil få forståing for korleis lysmålaren i kameraet fungerar, og du vil lære om val av brennvidde og komposisjon.

Eg vil også lære vekk litt fotohistorie, fortelje om forskjellege opptaksteknikkar, og syne bilete frå "dei store" fotografane, samt filmklipp og snuttar som kan vere til inspirasjon (dersom tida tillet det)

Det vert ein god bolk med teori, diskusjon, spørsmål/svar, forklaring av ord og uttrykk, samt ei økt med fotografering/praksis med individuell vegleiing.

Ingen vil bli utlærde av dette kurset, men det vil gje eit godt grunnlag for å øve vidare på eiga hand.

Det vert ikkje undervisning i etterbehandling/Lightroom/Photoshop i dettte kurset. Det vil truleg kome som eige kurs seinare.

Før kursstart opprettar eg ei lukka Facebook-gruppe for deltakarane som vi kan bruke før og etter kurset. Her vil eg svare på spørsmål og kome med konstruktiv kritikk til bilete i ei par veker etter kurset.

Deltakarane må stille med eige kamerautstyr med moglegheit for manuelle innstillingar.

Har du spørsmål, ta kontakt.